Stand på Kunnskap i Vekst 2016?

(20. januar 2016, kantineområdet på Høgskulen i Volda)

NB! Kun få standplassar igjen. Ta kontakt med Stefan N. Halck for å sjekke tilgjenge.

Kunnskap i Vekst 2016 er ein møteplass mellom lokalt og regionalt næringsliv og potensielle kundar og arbeidstakarar.

Vi ynskjer derfor å gi di verksemd moglegheit for å syne seg fram, og gjennom deltaking på messa kome i dialog med andre næringsdrivande (offentleg og privat sektor) og studentar/tilsette ved Høgskulen i Volda.

Vi har satt av eit stort areal på Berte Kanutte-huset til stands. Dette ligg i direkte tilknytting til kantina, auditoria og mingleområda som er avsett til Kunnskap i Vekst 2016. Dette sikrar at du møter andre deltakarar på konferansen og studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda.

Vi tilbyr:

  • Gratis standplass på 2 x 2 meter, med 1 lite bord, 1 stol, straumuttak og internett (trådlaust)
  • Lunsj er inkludert for påmeldte standdeltakarar (lunsj for inntil 3 personar er inkludert)

Det er eit begrensa antall standplassar, så det er først til mølla-prinsippet som gjeld.

Nytt knappen under til påmelding, og velg "Frå offentleg/privat sektor. Deltek MED stand" i skjemaet. Ver vennleg å fylle inn alle standdeltakarane i skjemaet.

Kontaktperson (stand):

Stefan N. Halck (dagleg leiar, Volda Næringsforum)
953 00 397
stefan@voldaforum.no