KIV_web_header_denne.jpg

Ei glokal verd

Korleis finne balansen mellom det globale og det lokale 

- Korleis leve "glokalt"?

4. oktober 2018

Velkomen til Kunnskap i Vekst 2018!

Verda vi lev i opplevast på mange måtar som global. I høve utveksling av kunnskap og varer, kommunikasjon, underhaldning og reiser vi legg ut på. Likevel lev vi mesteparten av liva våre lokalt, der vi bur og er. 

Kunnskap i Vekst 2018 set fokus på ei viktig trend i vår samtid: Vi forheld oss dagleg til den globaliserte verda, og tek i mange samanhengar dette for ei sjølvfølge. Samstundes kan vi sjå at det lokale og regionale er meir i vinden. Lokalprodusert mat, lokale opplevingar, heimflytting av produksjon, satsing på lokale idretts- og kulturanlegg, mv. Her ligg store moglegheiter, men òg utfordringar. 


Kunnskap i vekst er ein møteplass for næringsliv, uansett sektor, som møtest på Høgskulen i Volda for å dele og lære av kvarandre.

Det er viktig å bidra til at dei ulike samfunnsinstitusjonane samhandlar med kvarandre og dreg i same retning. Målet med Kunnskap i Vekst er å knyte næringslivet, høgskule og bank tettare saman. Slik at vi saman kan utvikle og syte for vekst i regionen vår.

Kunnskap i Vekst 2018 er eit samarbeid mellom SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Høgskulen i Volda, Studenttinget i Volda og Volda Næringsforum.

 

Høgskulen i Volda

Torsdag 4. oktober 2018
09.00 - 13.30
(registrering frå 08.30)
Høgskulen i Volda, BK
(store auditorium)

For kven:
Lokalt og regionalt næringsliv, uansett sektor

Pris:
1090,- ved påmelding før 14. september / 1290,- ved påmelding etter 14. september. Påmeldingsfrist: Søndag 30. september.
 

 

 

Program

Torsdag 4. oktober 2018

Kl. 09.00 - 13.30

Høgskulen i Volda

I år som i fjor blir det fokus på gode foredrag, som tek for seg ulike aspekt og sider ved temaet "ei glokal verd".

Vi har òg fokus på tid til mingling og nettverksbygging. 

Vi gler oss til å møte deg på Høgskulen i Volda til Kunnskap i Vekst 2018!

Meld deg på allerede i dag!


Møt foredragshaldarane

  • Per Sævik, Havila Shipping

  • Paul Bjerke & Lars Julius Halvorsen, Høgskulen i Volda

  • Arne Hanssen, Designvegen

  • Stig Brautaset, SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Vi kjem med meir informasjon om foredragshaldarane fortløpande! Følg med!