Velkomen til Kunnskap i vekst 2017!

Digitaliseringa av Noreg skyt fart. Likevel seiast det at vi berre har sett byrjinga på ei stor omvelting. Kunnskap i Vekst 2017 set fokus på kva status på digitaliseringa er no, og kor vegen vidare kan gå.

Kunnskap i vekst er ein møteplass for næringsliv, uansett sektor, som møtest på Høgskulen i Volda for å dele og lære av kvarandre.

Det er viktig å bidra til at dei ulike samfunnsinstitusjonane samhandlar med kvarandre og dreg i same retning. Målet med Kunnskap i Vekst er å knyte næringslivet, høgskule og bank tettare saman. Slik at vi saman kan utvikle og syte for vekst i regionen vår.

Kunnskap i Vekst 2017 er eit samarbeid mellom SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Høgskulen i Volda, Studenttinget i Volda og Volda Næringsforum.

 

Høgskulen i Volda

Torsdag 5. oktober 2017
09.00 - 13.30
(registrering frå 08.30)
Høgskulen i Volda, BK
(store auditorium)

For kven:
Lokalt og regionalt næringsliv, uansett sektor

Pris:
1090,- ved påmelding før 22. september / 1290,- ved påmelding etter 22. september.


Påmeldinga er no stengt. ta kontakt med Stefan N. Halck på 953 00 397 om du ynskjer å delta.